Nabolaget fekk 10.000 kroner til å ruste opp leikeplassen: – Det betyr mykje for oss

Med flere born i gata, vart det eit større behov for å rusta opp den slitne og potensielt farlege leikeplassen i nabolaget.

Å skape gode og trygge møteplassar for born er viktig. Men for bebuarane i Grimsgjerde var det utrygt og uansvarleg å sende borna til leikeplassen i gata. – Den var gamal, roten og rett og slett farleg for borna, seier Johanne Ohnstad Bakk i Grimsgjerdet Vel. Dette ynskja velforeininga å gjere noko med. No skal dei rusta opp den gamle leikeplassen for drygt 200.000 kroner. – I gata vår bur det mange små ungar. Dei er ein sosial gjeng, og det er me foreldra òg. Difor har me behov for å ha ein stad der borna våre kan samlast, forklarar Bakk.

 

Betyr mykje

Grimgjerde Vel har aktivt søkt etter stønad for å finansiera prosjektet. Gleda var stor då det tikka inn 10.000 kroner frå Kraftriket-fondet.
– Det betyr enormt mykje at me får moglegheit til å byggje ut leikeplassen. Me set pris på all stønaden me har fått, for det hadde ikkje vore mogleg å gjennomføra prosjektet utan, fortel Bakk. Ho kan fortelja at dei starta monteringa av leikeapparata fortløpande når dei kom.

– Folk gler seg. Det er ingen andre leikeplassar i området, utanom på skular og barnehagar, så dette vil løfte nabolaget vårt betrakteleg, fortel ho og hintar om ein opningsfest: – Det hadde vore veldig kjekt å ha ein offisiell opning når me er ferdige. Ein fest for å feira at me endeleg har ein møteplass her!

grimsgjerdet

Borna i gata kosar seg med dei nye leikeapparata.

Søk om stønad frå Kraftriket Fondet her (søknadsfrist 1. mai)