– Viktig for den lokale beredskapen

Gjennom å støtte Ingar Molde Paaske Minnefond bidrog Kraftriket, saman med fleire andre lokale krefter, til at brannvesenet sin nye redningsbåt i Lærdal vart ein realitet i fjor. No er redningsbåten òg fagmerkt.

Fagmerkinga består av logoen til Lærdal Brann og Redning samt ei reflekslinje som lyser godt opp i mørket, og har kome på plass som følgje av midlar frå Kraftriket.

– Fagmerkinga er viktig for at det skal vere lett for alle å identifisere kva type framkomstmiddel ein møter. Merkinga er difor viktig for den lokale beredskapen, fortel Njål Kaardal Golf i Ingar Molde Paaske Minnefond.

 

– Rørande å sjå at folk bryr seg

Ingar Molde Paaske Minnefond blei oppretta etter badeulykka på badestranda i Lærdal i 2020, der 18 år gamle Ingar mista livet på tragisk vis. Fondet har sidan ulykka samla inn midlar til førebyggjande og livreddande tiltak. Fleire gode lokale krefter har gjennom åra gitt sine bidrag, deriblant Kraftriket.

Ingar Molde Paaske Minnefond har mellom anna tidlegare sørga for innkjøp av redningsvestar til barnehagar i Lærdal, Årdal og Aurland. I tillegg har ein kjøpt inn og plassert ut livbøyer på kjente badeplassar.

Før 2023-sesongen blei brannvesenets nye redningsbåt i Lærdal sjøsett, ein robust raud motorbåt som blir brukt lokalt i samband med ulike bergingsoppdrag på fjorden, og for at redningsmannskap skal kome raskt på staden i område med dårleg vegforbindelse.

– Då vi jobba med å få på plass tilbodet med ein redningsbåt på fjorden, opplevde vi stor gjevarglede frå bedriftene i bygda. I alt har kostnadene for båt og hengar kome på heile 400.000 kroner. Det er rørande å sjå at folk bryr seg så mykje og at vi har lukkast med å få til dette. Spesielt sidan dei fleste har mindre å rutte med no i dei dyre tidene vi er inne i, seier Golf.

 

Brannvesenets redningsbåt i Lærdal.

VIKTIG STØTTE: – Støttebeløpet frå Kraftriket, både til båten i 2023, og til fagmerkinga i 2024, har betydd svært mykje, seier Njål Kaardal Golf. Båten ber namnet Ingar.

 

Ber namnet Ingar

Før 2023-sesongen lukkast ein ikkje med å få fagmerkt redningsbåten i tide før den måtte sjøsetjast. Dette sidan det var stort behov for båten i samband med raset som stengde vegen til Erdal.

Men etter fagmerkinga i 2024, ser ein no tydeleg at det er naudetatane som er undervegs, seier Golf, som er takksam for engasjementet frå Kraftriket.

– Støttebeløpet frå Kraftriket, både til båten i 2023, og til fagmerkinga i 2024, har betydd svært mykje, avsluttar Njål Kaardal Golf.

Redningsbåten ber namnet Ingar, og har sidan sjøsettinga i 2023 fungert som eit viktig hjelpemiddel ved ulike typar redningsoppdrag i og ved vatnet i Lærdal.

 


Om Ingar Molde Paaske Minnefond:

  • Oppretta etter Ingar Molde Paaskes tragiske bortgang i Lærdal i 2020.
  • Samlar inn midlar til førebyggjande og livreddande tiltak, mellom anna redningsvestar og livbøyer.
  • I 2023 gjekk lokale krefter/bedrifter saman om å realisere ein redningsbåt til bruk for Brannvesenet i Lærdal. Redningsbåten er i 2024 fagmerkt med midlar frå Kraftriket.