Fastpris i inntil 12 månader for privatkundar: 40,0 øre/kWh

Her kan du sammenligne strømavtaler på Forbrukerrådets strømprisportal

  • Du som kunde vert trekt den til ei kvar tid gjeldande straumkompensasjonen, slik at netto pris blir 40 øre/kWh. Dette vil koma fram på fakturaen.
  • Oppstartsdato: 01.01.2024
  • Etterskuddsvis fakturering
  • Bindingstid i 12 månader
  • Opphør før bindingstida er over vil utløse eit bruddgebyr
  • Elektronisk faktura gebyrfritt/ Papirfaktura 10 kr
  • Gjeld for hushaldningar i Lærdal
  • Gjeld ikkje for hytte/fritidsbustad
  • Bestillingar frå andre enn hushaldningar i Lærdal, vil bli avvist
  • Plusskundar får lik pris på både forbruk og produksjon
  • Lærdal kommune vil ta ei ny vurdering i god tid før sluttdato, og eventuelt tilby ein ny fastprisavtale. Dersom ny fastprisavtale ikkje er inngått ved sluttdato, blir avtalen automatisk flytta over på spotprisavtalen Lokalstrøm*

Se våre avtalevilkår

Avtalen kan bestillast etter 01.01.2024, men sluttdato er uansett 01.01.2025.

Bestillingsfrist for NYE kundar som ynskjer oppstart frå 1. januar 2024 er 20. desember 2023.

 

Opphør før bindingstidens utløp:

Tidsavgrensa fastprisavtalar kan seiast opp av kunden med 14 dagars skrifteleg varsel. Kraftleverandøren kan krevje at kunden betalar erstatning dersom leverandøren lir økonomisk tap som følgje av oppseiinga. Erstatninga blir berekna ved å legge til grunn differansen mellom den avtalte prisen og eit gjennomsnitt av framtidsprisen på Nasdaq for dei resterande månadane av kontrakten. Leverandøren kan krevje at kunden betalar denne prisdifferansen multiplisert med antal kWh som det er forventa at kunden skal bruke ut avtaletida, basert på anlegget sitt historiske forbruk. Ved flytting har partane ein gjensidig rett til å seie opp ein tidsavgrensa fastprisavtale, med 30 dagars skrifteleg varsel. Kunden er ansvarleg for betaling av kraftforbruk fram til utløpet av oppseiingstida. Utover dette, skal ikkje kunden betala noko erstatning til leverandøren.

* Lokalstrøm;

  • Spotprisavtale som følger prisen på Nord Pool time for time i det prisområdet du tilhører
  • Påslag: 6,5 øre/kWh
  • Fastbeløp: 69 kr/mnd
  • Ingen bindingstid
  • Etterskuddsvis fakturering
  • Elektronisk faktura gebyrfritt/ Papirfaktura 10 kr

Alle priser er inkludert moms og elsertifikat.

Viktig informasjon om din Angrerett

Som kunde har du 14 dagers angrerett fra den datoen du bestiller en strømavtale. Dersom du ønsker å benytte deg av angreretten, kan du benytte deg av dette angrerettskjemaet og returnere det til oss. Les også skjema for opplysning om angrerett før du bestiller.