Kraftriket-fondet støtter ungdom i Lærdal

Denne våren har Lærdal Røde Kors fått 10 000 kroner i støtte fra Kraftriket-fondet, til glede for den lokale ungdomsgruppa RØFF – Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp.

RØFF-gruppa er en del av Hjelpekorpset og samlar ungdom mellom 12 og 18 år til spennande og lærerike opplevingar ute i naturen. Her får ungdom trene på friluftsliv, førstehjelp, redning og trygg ferdsel – alt i eit sterkt fellesskap med andre på same alder. Aktiviteten er svært populær, og med mange ivrige deltakarar krev det også ressursar å oppretthalde eit godt og trygt aktivitetstilbod.

Støtta frå Kraftriket-fondet skal gå til å dekke kostnader knytt til kurs, samlingar og utstyr som gjer det mogleg for fleire å delta. Det blir mellom anna kjøpt inn utlånsutstyr, og det skal leigast inn instruktørar til kursing i kano og kajakk – kompetanse som aukar både tryggleik og meistring hos deltakarane.

– Me i Kraftriket er imponerte over engasjementet i RØFF-gruppa og alt dei får til for ungdommane i Lærdal. Det er nettopp slike tiltak me ønsker å støtte gjennom fondet vårt – initiativ som bygger fellesskap, læring og glede i lokalsamfunna våre, seier May Britt Andersen markedssjef i Kraftriket.

Gjennom Kraftriket-fondet støttar vi kvart år lokale initiativ som bidreg til aktivitet, utvikling og inkludering i våre eigne nærmiljø. Vi heiar på RØFF og ser fram til å følge ungdommane på nye eventyr i naturen!

NyhetFond