Støtte til fotballglede og inkludering i Lærdal
Kraftriket fondet er med på å skape aktivitet og fellesskap i lokalsamfunna våre. Eitt av laga som har fått støtte i årets tildeling, er Lærdal IL fotballgruppa.
Fotballgruppa i Lærdal IL står for eit breitt og inkluderande tilbod til rundt 150 barn, unge og vaksne i bygda. Aktiviteten er i stor grad basert på dugnad, og eit viktig mål for klubben er å halde kostnadene så låge som mogleg slik at alle kan vere med.
Fotball er ikkje berre ein idrett, men også ein viktig sosial arena. Me ønskjer at alle skal kjenne seg inkluderte.
Ei viktig støtte til dei yngste
Midlane frå Kraftriket fondet skal gå til noko heilt konkret: velkomstgåver til oppstartskullet for 2026.
Kvart år får seksåringane som begynner i klubben ei oppstartsgåve som inneheld klubbklede, sekk og ball. Dette bidreg til å skape tilhøyrsle frå første dag – og sørgjer for at alle stiller likt.
– Oppstartsgåva er viktig for oss. Ho gir barna ei kjensle av å høyre til, og bidreg til samhald og inkludering i laget, fortel Sanden.
Ei overraskande og kjærkomen tildeling
Då meldinga om støtte kom, var gleda stor i Lærdal.
– Det var utruleg kjekt – og kom som ei overrasking! seier Sanden.
Støtta betyr at klubben kan halde fram med å prioritere eit inkluderande miljø utan å auke kostnadene for familiane.
Driven av ekte engasjement
Bak aktiviteten ligg eit sterkt lokalt engasjement. Trenarar, foreldre og frivillige legg ned mykje tid for å skape eit godt tilbod.
– Gleda av å sjå ungar spele fotball saman, både på trening og i kamp, er det som motiverer oss. Det handlar om aktivitet, samhald og inkludering i bygda vår, seier dei.
Ei takk til fellesskapet
Fotballgruppa legg ikkje skjul på at støtta betyr mykje.
– Tusen takk for støtta – me set utruleg stor pris på det!