Viktig for den lokale beredskapen
Gjennom å støtte Ingar Molde Paaske Minnefond bidrog Kraftriket, saman med fleire andre lokale krefter, til at brannvesenet sin nye redningsbåt i Lærdal vart ein realitet i fjor. No er redningsbåten òg fagmerkt.
– Rørande å sjå at folk bryr seg
Fagmerkinga består av logoen til Lærdal Brann og Redning samt ei reflekslinje som lyser godt opp i mørket, og har kome på plass som følgje av midlar frå Kraftriket.
– Fagmerkinga er viktig for at det skal vere lett for alle å identifisere kva type framkomstmiddel ein møter. Merkinga er difor viktig for den lokale beredskapen, fortel Njål Kaardal Golf i Ingar Molde Paaske Minnefond.
Ingar Molde Paaske Minnefond blei oppretta etter badeulykka på badestranda i Lærdal i 2020, der 18 år gamle Ingar mista livet på tragisk vis. Fondet har sidan ulykka samla inn midlar til førebyggjande og livreddande tiltak. Fleire gode lokale krefter har gjennom åra gitt sine bidrag, deriblant Kraftriket.
Ingar Molde Paaske Minnefond har mellom anna tidlegare sørga for innkjøp av redningsvestar til barnehagar i Lærdal, Årdal og Aurland. I tillegg har ein kjøpt inn og plassert ut livbøyer på kjente badeplassar.
Før 2023-sesongen blei brannvesenets nye redningsbåt i Lærdal sjøsett, ein robust raud motorbåt som blir brukt lokalt i samband med ulike bergingsoppdrag på fjorden, og for at redningsmannskap skal kome raskt på staden i område med dårleg vegforbindelse.
– Då vi jobba med å få på plass tilbodet med ein redningsbåt på fjorden, opplevde vi stor gjevarglede frå bedriftene i bygda. I alt har kostnadene for båt og hengar kome på heile 400.000 kroner. Det er rørande å sjå at folk bryr seg så mykje og at vi har lukkast med å få til dette. Spesielt sidan dei fleste har mindre å rutte med no i dei dyre tidene vier inne i, seier Golf.
Støttebeløpet frå Kraftriket, både til båten i 2023 og til fagmerkinga i 2024 har betydd svært mykje for oss.