Støtte til ungdom, friluftsliv og fyrstehjelp i Lærdal

Kraftriket fondet gjev støtte til ungdomsgruppa RØFF – eit viktig fellesskap for friluftsglade ungdommar i Lærdal.

To hender som lager hjerte
To hender som lager hjerte

Midt mellom fjell og fjord i Lærdal finn me ei ungdomsgruppe med ekte driv: RØFF – Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp. Her får ungdommar mellom 12 og 18 år læra om natur, trygg ferdsel, fyrstehjelp og redning – alt gjennom praktisk aktivitet og sosialt samvær.

– Aktiviteten er populær, og me har mange medlemmar. Det betyr òg høg aktivitet og auka kostnader, fortel eldsjelene i Lærdal Røde Kors.

Gjennom samlingar ute i naturen, overnattingsturar, fisking, kanopadling og bålkos, opplev ungdommane både meistring og fellesskap. I tillegg får ungdommane opplæring i viktige ferdigheitar som kan gjere ein stor forskjell – både for dei sjølve og andre.

Støtta frå Kraftriket fondet skal gå til kurs, samlingar og naudsynt utstyr, samt innleigd instruktør for å læra opp ungdommane i kajakk og kano – kompetanse som gjev både tryggheit og livslange ferdigheiter.

Dette er akkurat den typen tiltak me ynskjer å støtta gjennom Kraftriket fondet, seier me i Kraftriket. – Ungdom som får moglegheit til å utvikla seg i naturen og lære fyrstehjelp byggjer både lokal tryggheit og framtidstru. Det er ekte energi i sving!

Har du eit prosjekt som skapar verdi for fellesskapet? Då håpar me du søkjer støtte frå Kraftriket fondet: Kraftriket Fondet – støtter lokale prosjekter og initiativer

 

NyhetFond