Tønjum skyttarlag fekk støtte til landsskyttarstemnet
Tønjum Skyttarlag i Lærdal fekk i sommar støtte på 7 500 kroner frå Kraftriket fondet. Pengane gjekk til å dekka delar av kostnadane til familiane som reiste med born og ungdom. Kraftriket er imponert over innsatsen til ungdomsskyttarane!
Så glad for støtta
Kvart år reiser skyttarar frå Tønjum Skyttarlag i Lærdal til Landsskyttarstemnet, norgesmeisterskapet for skyttarar. Dette arrangementet blir haldt på ulike stader i landet kvart år, noko som gjer at deltakartalet varierer.
I år vart Landsskytterstevnet arrangert i Steinkjer frå 19. til 26. juli, og det var ein forholdsvis lang reiseveg for alle som reiste frå Lærdal. Tønjum Skyttarlag søkte difor om støtte til å dekke delar av desse kostnadene for familiar som reiste med born og ungdom. Kraftriket var stolte over å kunne støtte laget med 7 500 kroner.
Oppsummering frå Landsskyttarstemnet:
Totalt var det 12 skyttarar frå Tønjum Skyttarlag som deltok på årets LS i Steinkjer. Av desse var fem under 20 år, og dermed rekna som ungdomsskyttarar.
Andrea Offerdal Olsen (17 år) skaut fullt hus i feltløypa og vart nummer 34 av 130 skyttarar i klasse Nybegynnar Vaksen. Ein kjempeflott prestasjon!
Me e så glad for at me fekk desse pengane. Støtten hjalp til med å dekke delar av kostnadene med hadde til reising.
Vegard Yttri Horge (15 år) vart nummer fem på baneskytinga i klasse Eldre Rekrutt med full pott – 350 poeng! Han mottok den gjeve meisterskapsmedaljen, noko som ikkje mange har oppnådd. Ekstra kjekt var det at han fekk dette til akkurat i år, då eldre rekrutt er den tøffaste klassen å hevde seg i. Han var også i feltfinale og deltok i samlagsskyting for ungdom, der han skaut etappe to for laget til Sogn Indre.
Ole Thomas Berg-Hovland (12 år) deltok på sitt andre LS og oppnådde 226 poeng, eit flott resultat for ein såpass fersk skyttar.
Andre deltakarar var Kent Andre Holmen (13 år) og Eirik Thomassen (19 år), som begge skaut kjempefine resultat. Eirik kom også til finale på feltskytinga.
Kraftriket er imponerte over innsatsen til alle skyttarane frå Tønjum skyttarlag og veldig glade for å kunne støtte deira deltaking på Landsskyttarstemnet.
Søk Fondet du også!
Trenger ditt idrettslag nye drakter, eller kanskje trenger korpset ditt nye instrumenter til nyttårskonserten.
Med midler fra Kraftriket - Fondet kan det realiseres.