Fastpris i 6 månader for privatkundar: 62,50 øre/kWh.


Prisen er inkludert mva og elsertifikat. Fastprisavtalen har ingen månadsgebyr. Avtalen gjeld frå 1. januar 2023 til 1. juli 2023 og er kun for innbyggjarar i Lærdal kommune. Avtalen gjeld ikkje for hytte/fritidsbustad.

Bestillingsfrist for NYE kundar som ynskjer oppstart frå 1. januar 2023 er 16. desember 2023.

Avtalen kan bestillast etter 01.01.2023 og, men sluttdato er uansett 01.07.2022.

Lærdal kommune vil ta ei ny vurdering i god tid før sluttdato, og eventuelt tilby ei ny fastprisavtale. Dersom ny fastprisavtale ikkje er inngått ved sluttdato, blir avtalen automatisk flytta over på spotprisavtalen Lokalstrøm.

Vilkår Fastpris 6 månader:

  • Pris: 62,50 øre/kWh inklusiv mva
  • Varigheit: inntil 6 månader
  • Oppstartsdato: 01.01.2023
  • Avtalen kan bestillast etter 01.01.2023 og, men sluttdato er uansett 01.07.2023.
  • Gjeld for hushaldning/privat, jordbruk og næring med bedriftsnr/orgnr. i Lærdal.
  • Gjeld ikkje for hytte/fritidsbustad
  • Bestillingar frå andre enn hushaldning/privat, jordbruk og næring med bedriftsnr/orgnr. i Lærdal, vil bli avvist.
  • Plusskundar får lik pris på både forbruk og produksjon.
  • Tidsavgrensa fastprisavtalar kan seiast opp av kunden med 14 dagars skrifteleg varsel. Kraftleverandøren kan krevje at kunden betalar erstatning dersom leverandøren lir økonomisk tap som følgje av oppseiinga. Erstatninga blir berekna ved å legge til grunn differansen mellom den avtalte prisen og eit gjennomsnitt av framtidsprisen på Nasdaq for dei resterande månadane av kontrakten. Leverandøren kan krevje at kunden betalar denne prisdifferansen multiplisert med antal kWh som det er forventa at kunden skal bruke ut avtaletida, basert på anlegget sitt historiske forbruk. Ved flytting har partane ein gjensidig rett til å seie opp ein tidsavgrensa fastprisavtale, med 30 dagars skrifteleg varsel. Kunden er ansvarleg for betaling av kraftforbruk fram til utløpet av oppseiingstida. Utover dette, skal ikkje kunden betala noko erstatning til leverandøren.
  • Lærdal kommune vil ta ei ny vurdering i god tid før avtalens utløp, og eventuelt tilby ein ny fastprisavtale. Dersom ny fastprisavtale ikkje er inngått ved avtalens utløp, blir avtalen automatisk flytta over på spotprisavtalen Lokalstrøm.


Generelle avtalevilkår finn de her, og du kan samanlikne alle straumavtalar her.

Viktig informasjon om angreretten din
Som kunde har du 14 dagar angrerett frå den datoen du BESTILLER ein straumavtale. Om du ynskjer å nytta deg av angreretten, kan du fylla ut dette angrerettskjemaet og returnera det til oss. Les og skjema for opplysning om angrerett før du bestiller.

Klikk her for å sjå generelle vilkår.