Vilkår Fastpris 6 månader:
- Pris: 50 øre/kWh ekskl. mva
- Varigheit: inntil 6 månader
- Oppstartsdato: 01.07.2023
- Avtalen kan bestillast etter 01.07.2023 og, men sluttdato er uansett 01.01.2024.
- Gjeld for hushaldning/privat, jordbruk og næring med bedriftsnr/orgnr. i Lærdal.
- Gjeld ikkje for hytte/fritidsbustad
- Bestillingar frå andre enn hushaldning/privat, jordbruk og næring med bedriftsnr/orgnr. i Lærdal, vil bli avvist.
- Plusskundar får lik pris på både forbruk og produksjon.
- Tidsavgrensa fastprisavtalar kan seiast opp av kunden med 14 dagars skrifteleg varsel. Kraftleverandøren kan krevje at kunden betalar erstatning dersom leverandøren lir økonomisk tap som følgje av oppseiinga. Erstatninga blir berekna ved å legge til grunn differansen mellom den avtalte prisen og eit gjennomsnitt av framtidsprisen på Nasdaq for dei resterande månadane av kontrakten. Leverandøren kan krevje at kunden betalar denne prisdifferansen multiplisert med antal kWh som det er forventa at kunden skal bruke ut avtaletida, basert på anlegget sitt historiske forbruk. Ved flytting har partane ein gjensidig rett til å seie opp ein tidsavgrensa fastprisavtale, med 30 dagars skrifteleg varsel. Kunden er ansvarleg for betaling av kraftforbruk fram til utløpet av oppseiingstida. Utover dette, skal ikkje kunden betala noko erstatning til leverandøren.
- Lærdal kommune vil ta ei ny vurdering i god tid før avtalens utløp, og eventuelt tilby ein ny fastprisavtale. Dersom ny fastprisavtale ikkje er inngått ved avtalens utløp, blir avtalen automatisk flytta over på spotprisavtalen Lokalstrøm.